Din heim - Ditt ansvar
Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektiske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftmessig stand og at det vert brukt rett.
Her er ei sjekkliste for eigenkontroll av bustaden:
Sikringsskåpet:
Skru sikringane godt til, og kjenn etter om nokon av sikringane er unormalt varme.
Sjekk at jordfeilbrytar og ev. jordfeilvarslar reagerer på testknapp.
Sjekk at det er ryddig i sikringsskapet, at deksel rundt sikringar/vern er på plass og at dør er lukka.
Dersom ein sikring ofte koplar ut, kan det tyda på at det er for stor belastning på denne kursen.
Den faste installasjonen:
Sjekk at deksel på brytarar, stikkontaktar, koplingsboksar osv. ikkje er skada eller har teikn på varmgang.
Sjekk at det ikkje er kablar som er lause, eller er skada.
Sjekk at fastmontert utstyr som varmeomnar, lysamatur osv. er forskriftsmessig festa, og at dei ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.
Sjekk at det ikkje er utført installasjonsarbeid av andre enn registrert elektroinstallatør.
Tilkobla utstyr:
Sjekk at det ikkje er overdreven bruk av bevegelege ledningar og skjøtekontaktar.
Kjenn etter varmgang på støpsler når disse apparatene er i bruk:
Vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannsberedar, komfyr, varmeomnar.
Sjekk at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.
Sjekk at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.
Sjekk at sengelampar og varmeomnar på soverom er skikkeleg festa til veggen.
Sjekk at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.
Sjekk at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.
Sjekk at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.
Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel om natta eller når ein ikkje er heime.
Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.
Unngå bruk og lading av mobil og pc i seng.
Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.
Kontroller pulverapparat/brannslanger og røykvarslar årleg.